Ledig vikariat som rektor ved Myklebust barne- og ungdomsskule

Ledig vikariat som rektor ved Myklebust barne- og ungdomsskule

Vanylven kommune har ledig vikariat som rektor på Myklebust barne- og ungdomsskule. Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit års vikariat med mulighet for fast tilsetting.

Lenkje til stillingsannonsa finn du her 

Søknadsfrist: 22.mai 2024

Til å leie og vidareutvikle Myklebust barne- og ungdomsskule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.

Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid. 

Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter.
Rektor rapporterar til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning
  • Erfaring frå skuleverket
  • Erfaring som skuleleiar
  • Bør ha tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon (rektorskulen)
  • Bør ha godt kjennskap til lov- og avtaleverk som SFS 2213, SFS 2201, HA, HTA og AML

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God på utviklingsarbeid
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Strukturert og planmessig
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Imøtekomande og omgjengeleg
  • Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven kommune
  • Trivast med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Flexitid
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår
  • 15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, inntil kr. 28.000, - pr. år

 

Vikariatet som rektor ved Myklebust skule er ledig frå 1. august 2024.

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 22.mai 2024