Ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage

Ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage

Vanylven kommune har ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage. 

Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit års vikariat med mulighet for fast tilsetting.

Syvde barnehage - Klikk for stort bileteSyvde barnehage Anna Ma Olsson

Lenkje til stillingsannonsa finn du her

Søknadsfrist: 20.mai 2024.

Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.

Vi ynskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling og med ambisjonar om å være med å skape ein enda betre barnehage i Vanylven.
Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.

Kvalifikasjonar

  • God barnehagefagleg kompetanse
  • Godkjent utdanning som førskulelærar
  • Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet
  • Praksiserfaring frå barnehagesektoren
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsemne

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • God på utviklingsarbeid
  • Evne til å motivere og engasjere
  • Strukturert og planmessig
  • Sjølvstendig og initiativrik
  • Imøtekomande og omgjengeleg
  • Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven kommune
  • Trivast med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
  • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT
     

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Aktivt og godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Flexitid
  • Erfaringsdeling og god oppfølging
  • Gode forsikringsvilkår
  • 15% nedbetaling av studielån kvart år for tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i kommunen, inntil kr. 28.000, - pr. år.

Vikariatet som styrar med mulighet for fast tilsetting ved Syvde barnehage er ledig frå 1. august 2024 og varer til 31.07.25.

Opplysningar om stillinga får du med Kommunalsjef KUOP Janne Kristin Torvanger, tlf. 45 25 75 21 eller Kommunedirektør Andreas Chr. Nørve, tlf. 92 84 78 03.


Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


Søknadsfrist: 20.mai 2024.