Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Opningstider i påska for rådhuset, legekontoret og miljøstasjonen Her finn du oversikt over opningstidene:
Vedlikehald av vassleidning på Hakallestranda måndag 28.april Sande kommune skal arbeide med å rehabilitere eksisterande kommunal vassleidning på Hakallestranda.
Bålbrenning I Norge er det eit generelt bålforbod frå 15.april til 15 september. I denne perioda er det forbode å tende bål og grill (også eingongsgrill) i eller ...
Nytt kurs i Frisklivssentralen – Kvardagsglede Det vi gjer, påverkar korleis vi har det i kvardagen. Dette kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, og det vil gje deg inspirasjon, råd og hjelp ...
Framande planteartar No startar hagesesongen og då er det viktig å minne om korleis ein skal handsame framande planteartar.
Telenor skal oppgradere basestasjon for mobilnett i Vanylven Telenor planlegg arbeid på ein basestasjon i Vanylven med oppstart 04.04.2025 og forventa ferdig 09.04.2025.
Kulturmidlar Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje kulturmidlar. Søknadsfrist er: 01.05.2025.For seint innkomne søknadar vert ikkje vurderte. Søknaden ska...
Stad skipstunnel - oppstart av forhandlingar utbyggingsavtalar I samsvar med plan- og bygningsloven § 17-4 kunngjer Vanylven kommune oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtalar for reguleringsplanar for Stad Sk...
Høyring - Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar Vanylven kommune legg vekt på å ha sikre og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Gjennom målretta tiltak skal kommunen førebygge at barn blir utsette ...
Inviterer til sorggruppe for barn Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Sorggruppe er eit tilbod til barn i 5.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg ...