Identifisering og oppfølging av barn og unge er eit område der målet heile vegen må vere å levere best moglege tenester ut frå ressursar, kompetanse og moglegheiter. Difor må vi kontinuerleg utvikle og evaluere, og eventuelt justere, dei tiltaka vi har sett i verk på alle tre nivåa.
Kommunalt nivå
På kommunenivå er det stort fokus på bedre tverfagleg samhandling. Det er sett i gang eit grundig evalueringsarbeid kring teneste som skal identifisere og følgje opp utsette barn og unge. Det vert fulgt med på blant anna oppvekstprofilen for kommuna for å kunne jobbe målretta med utfordringar.
Oppvekstprofiler for kommuner
Folkehelse i kommunene
Ungdata.no
Elevundersøking
Foreldreundersøking
Etatsnivå
Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge skal systematisk evaluerast i alle einingar i deira interne møte. Einingane er tett på brukarane, og følgjer arbeidet tett. Det er også tverrfaglege møter der tenestene snakkar om utfordringar, kva tiltak vi har og korleis tiltaka fungerer. Den einskilde tilsette har også eit ansvar for å ta opp endringar som kan betre tenestetilbodet.
Individnivå
I Vanylven kommune vil vi jobbe med jamleg evaluering av BTS-modellen som er utarbeida. Tverrfagleg leiargruppe for barn og unge har ansvar for oppdatering av nettportalen. Ein vil nytte eit årshjul for korleis og når dette arbeidet skal gjennomførast. Dette vil bidra til at vi jamleg kan tilpasse modellen brukarane sine behov.