Overordna samhandling

Overordna samhandling

For å betre ruste kommunen til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng er det avgjerande med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, samt legge føringar for det førebyggande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge har også her moglegheit til å løfte problemstillingar og moglegheiter på eit høgare nivå. 

Kommunedirektøren si leiarteam

Kommunedirektøren sitt leiarteam består blant anna av kommunedirektør, kommunalsjefar og kommuneoverlege. Dei har regelmessige møtepunkt.

Leiarmøter

Mellomleiarmøter med ulike tema.

Leiarmøter i kultur og oppvekst samt leiarmøter i helse og omsorg der ein blant anna har fokus på barn og unge.

Politiråd

Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Vanylven. Vanylven, Sande og Herøy kommune har eit felles politirådssamarbeid som har møter fleire gongar i året. 

Forvaltningskontor med koordinerande eining

Kommunestyret i Vanylven har vedtatt endringar i korleis kommunen skal arbeide med tildeling av helse- og omsorgstenester til befolkninga. Frå og med februar 2023 er oppgåva lagt til eit nyoppretta Forvaltningskontor som overtek sakshandsaminga frå i alt 12-15 ulike aktørar ute i tenestane.

Kommunestyret har fastlagt heilt nye ‘Retningsliner for tildeling av helse- og omsorgstenester’, det set ein ny standard for arbeidet og legg føringar på korleis Forvaltningskontoret skal setje lover og forskrifter ut i livet lokalt i Vanylven kommune i samarbeid med dei utøvande tenestane. Brukarens rettssikkerhet vil verte styrka med dette.

Koordinerande eining består av ulike tenester for barn, unge og vaksne