Korleis spare straum? - Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar Vanylven kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine. Kva kan eg få hjelp til ? Energianalyse av bustaden din på nett. Søk opp bustaden din på energiportalen.no. Digital synfaring med energirådgivar. Registrer deg for rådgivingstime. Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar. – Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier teknisk sjef Helge Kleppe Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving Vanylven kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette kan du gjere ved å bruke energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om: Elbillading Etterisolere veggar og tak Bytte vindauge og dører Installere varmepumpe eller solceller Smart-styring Alternative energikjelder Støtteordningar frå Enova Energianalyse på nett Verktøyet Energiportalen gjer det mogeleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis denne skal brukast. Synfaring med energirådgivar Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalenderen for å finne ledige tider. Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS. Sist endra 26.09.2022 23:45
Kurs for pårørande til personar med rusmiddel- eller psykiske helseproblem «Ta Tak» er eit kurs for deg som står nær nokon med rusmiddel- eller psykiske helseproblem. Nytt kurs startar 2. mars. Kurset er gratis, er for all...
Spørjeundersøking knytt til samfunnsdelen av kommuneplanen I samfunnsdelen av kommuneplanen til Vanylven kommune vert det presisert at dersom kommunen spelar på lag med omgivnadane, vil tenestene bli betre og ...
Informasjon om fakturering av SFO, barnehage, helse- og omsorgsrelaterte tenester og husleige På grunn av overgang til nytt økonomisystem 01.01.2022 blir forfall på faktura for barnehage og SFO, opphald på institusjon og andre helse- og omsorgs...
Kulturprisen 2021 Oddrun Anita Kobbevik Oldeide er årets vinnar av kulturprisen. Du kan lese meir om tildelinga på nettstaden til Synste Møre.
Registrer deg som støttekontakt og besøksheim Vanylven kommune vil oppfordre fleire til å melde seg som støttekontakt og besøksheim. Nedanfor finn du informasjon og skjema for registrering. Infor...
Stortingsvalet 2021 - her kan du røyste! Det vert halde val på representantar til Stortinget måndag 13. september. Du har røysterett om du er norsk statsborgar og fyller 18 år seinast 31. dese...
Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden? Kommunane på Søre Sunnmøre lanserer onsdag 16. september e-Torg - nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.