Kva må til for å sende ein byggjesøknad ?Å lage ein komplett byggjesøknad tar ofte lenger tid enn det ein trur. Det kan ta alt ifrå dagar til veker å få tak i alle relevante dokument til eigedommen din. Det tar også tid å sette seg inn i alle dokumenta, og å finne ut om du kan byggje slik du ønsker. Søknadskjema: Byggjesøknad for deg som ønskjer å bygge eller riveSkjema for nabovarselSøknad om bruksendringSkjema for ferdigattest Steg 1: Finn planane og bestemmelsane for din eigedomFinn adressa di inn på karttenestane våreTa vare på gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer. Dette står ofte oppført som gnr, bnr, fnr og snr eller på formatet 12/345. Du treng eit situasjonskart over eigedommen. Dette kan du bestille med kommuna. Som regel får ein også med reglane som gjeld for din eigedom. Sett deg godt inn i reglane for eigedommen din, sånn som kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan eller områdeplan som gjeld for din eigendom.Ta kontakt med kommuna om du er usikker på om du har funnet relevante dokument. Steg 2: Kor stort kan du byggje på eigendommen dinFinn ut kva slags berekningsmåte som gjeld for din eigedom (feks BRA, BYA og %TU. Dette finn du i reguleringsbestemmelsane som gjeld for eigedommen Lag ei oversikt over størrelsen på alt som er bygd frå før av Bruk tenesta kor stort kan du bygge for å finne ut kor mykje meir du kan byggje på eigedommen din. Ta vare på resultatet, sidan dette skal med i byggjesøknaden din. Steg 3: Kva må du ta hensyn til? Bestill eit situasjonskart over eigedommen din Sett deg godt inn i situasjonskart, planar, planbestemmelsar som gjeld din eigedom. Desse gir svar på om du bør endre plassering, høgde eller størrelse grunna begrensingar som: - byggjegrenser- avstand til vatn- og avløpsledningar- avstand til bil-, gang eller sykkelveg - avstand til naboeigedom- flom- og skredområde- sjeldne plante- og dyreartarFinst det begrensingar og er det ikkje mogleg å endre planane die? Då treng du å søkje om ein disposisjon. Dette gir lenfre saksbehandlingstid og kommuna kan sei nei. Vil du ha ha hjelp til å finne ut om du må søkje ? Prøv ein av vegvisarane for å finne det ut: - byggje garasje, bod eller anna bygning under 50 kvm utan å søkje- utvide huset ditt med ei bod, ei terasse, ein veranda eller eit nytt rom utan å søkje - gjere om eit rom i bustaden din utan å søkje Steg 4: Teikne og plassere byggverket Du må lage teikningar som gjer det enkelt å forstå korleis bygninga di skal sjåast ut. Teiningane må vere i målstokk og målsatte. Du treng vanlegvis: - planteikningar (oppgi kor store romma er og kva du skal bruke dei til) - snitteikningar (må vise snittet på bygninga både på langs og på tvers, og du må angi høgde på etasjane) - fasadeteikningar (må vise alle sider av bygninga, og terrenget rundt bygninga både før og etter endringa. Finn fram situasjonskartet og bruk linjal for å teikne inn det du skal byggje eller rive i same målestokk som situasjonskartet. Mål opp og teikn inn kortaste avstand frå det du skal byggje og fram til: - nærmaste bygg på eigen eigedom- nærmaste nabobygning- nabogrense- midten av gang-, sykkel- eller bilveg. Bur du i nærleiken av for eksempel vatn- og avløpsleding eller noko anna som kan begrense kor du kan byggje? Då må du teikne inn avstandar til dette på situasjonskartet Usikker på korleis du lagar gode teikningar? Då kan du få hjelp av fagpersonen vår i kommuna. Bruk vegvisaren "Kor stort kan du byggje" for å finne ut at bygninga ikkje blir for stor. Ta ei utskrift av resultatet, og legg ved i byggjesøknaden Steg 5: Orientere naboane Bestill ei naboliste over alle naboane dine frå kommuna Samle alle teikningane og anna dokumentasjon som naboane treng for å kunne ta stilling til prosjektetLag kopiar av dette setter, sånn at du har ein til kvar nabo, og eit ekstra som kan leggast ved byggjesøknaden. Fyll ut skjema for nabovarsel. Du finn skjema her. Lever nabovarselet til alle naboane på nabolista. Husk at: - Er det fleire eigarar av same eigedom, må ale varslast - Er kommuna oppført som nabo, må dei også varslast. Ta vare på dokumentasjonen eller kvitteringa som bekrefter at naboen har mottat varselet. Dette skal leggast ved i byggjesøknaden Du må vente i 14 dagar før du sender byggjesøknaden til kommuna. Dette er fordi naboane skal ha tid til å sette seg inn i byggeplanane dine, og kunne komme med merknadar. Du slepp å vente dersom alle naboane har bekrefta at dei samtykkjer byggjeplanane. Har nokon kome med merknadar? Vurder ut frå merknadane om du burde: - endre byggjeprosjektet og varsle alle naboane på nytt - sende inn byggjesøknaden som den er, med alle merknadane og dine kommentarar til kvar enkelt merknad. Steg 6: Fyll ut søknaden og send innDu kan sende inn byggjesøknaden når fristen for nabovarselet har gått ut eller dersom alle naboane har gitt samtykkje til byggjeplanane Bruk eit av desse to skjemaa: - Byggjesøknad for deg som ønskjer å bygge eller rive - gjeld også for tilbygg mindre enn 50 m2 og frittliggande bygningar mindre enn 70 m2.- Søknad om bruksendring - når du skal gjere om ein tilleggsdel til ein hovuddel i eigen bustad.Fyll ut alle felt i søknadskjemaet Samle alle vedlegg som skal leggast ved byggjesøknaden din Send inn byggjesøknad med alle vedlegg: - Er du usikker om søknaden er komplett? Vent på tilbakemelding frå kommuna før du startar å byggje. - Er du sikker på at søknaden er komplett, og at du ikkje treng dispensasjon eller andre tillatelsar? Då er saksbehandlingstida 3 veker. - Har du søkt om dispensasjon eller andre tillatelsar? Då er saksbehandlingstida 12 veker. Det kan ta 4 veker dersom kommuna må innhente tillatelsar, samtykke eller uttalelsar frå andre myndigheiter. Steg 7: Få svar på søknaden Du må vente på byggetillatelse frå kommuna før du startar å byggje Husk å bruke kvalifiserte fagpersonar ved behov Lykke til med bygginga 😃 Steg 8: Skaffe ferdigattest Når bygget er heilt ferdig, må du søkje kommuna om ein ferdigattest. Søknadskjema finn du her Du må vente i 3 veke frå du sender inn søknaden om ferdigattest til du kan ta i bruk bygget. Publisert 03.08.2020 13:37 Sist endra 14.02.2024 10:59