Mellombels bruksløyve

Mellombels bruksløyve

Ta i bruk eit omsøkt tiltak før ferdigstilling

Dersom du har søkt om og fått løyve til eit tiltak, må du søkje om ferdigattest når tiltaket er ferdigstilt. Dersom tiltaket har mindre manglar att før ferdigstilling, opnar det likevel for at du kan ta i bruk heile eller delar av tiltaket. Då skal du søkje om mellombels bruksløyve. Det er her viktig at det kjem fram kva som er ferdigstilt, kva som står att og dato for endeleg ferdigstilling. Tiltak skal ikkje takast i bruk før det er gitt mellombels bruksløyve eller ferdigattest.

Informasjon om mellombels bruksløyve finn du også på direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

For ferdigattest sjå eiga side for dette i menyen.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknad om mellombels bruksløyve, vil sakshandsamar sjå at tiltaket er gjennomført som omsøkt. mellombels bruksløyve vert då sendt ut til deg. Ved søknadar om løyve, mellombels bruksløyve og ferdigattest her kommunene plikt til å føre tilsyn jf. plan- og bygningslova § 1-4 og § 25-1 

Kva kostar det?

Då du har levert byggesøknad, er handsaming av mellombels bruksløyve ein del av gebyret i byggsøknaden.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Søknadskjema finn du her 
Skjema fyllast ut og sendast til Vanylven kommune sitt postmottak, eller servicetorget..

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker

Kontakt

Kim Andre Ekremsæter
byggingeniør
E-post
Mobil 99 44 22 33