Vilkår:
For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.
Slik søkjer du:
Reseksjonering
Pris:
For handsaming av søknad om seksjonering / reseksjonering vert gebyr sett til 3 * rettsgebyret med eit tillegg på 2 * rettsgebyret når synfaring er naudsynt jf. eigarseksjonslova (ESL) sin § 15.
Dersom uteareal skal seksjonerast på ein slik måte at det etter § 13 i ESL skal utarbeidast målebrev etter reglane i matrikkellova, kjem gebyr for arbeid etter matrikkellova i tillegg.
Behandlingstid:
Lova innfører tidsfristar for kommunen si handsaming av seksjoneringssaker. Sakshandsamingsfristen er 12 veker.
Lov og retningsliner:
Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven)