Dagtilbod demens

Dagtilbod demens

Vanylven kommune har ulike lavterskeltilbod som ynskjer å gje rom for sjølvtillit og livskvalitet i kvardagen.

Dagtilbod, demens

Gjennom tilbodet vil vi bidra til at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Gjennom aktiv omsorg kan ein førebygge og utsette opphald i institusjon, bevare og fremje dei ibuande ressursane. Tilbodet kan avlaste dei næraste/lette omsorgssituasjonen.

Dette dagtilbodet kostar kr 180 pr dag, det dekkjer middag og transport.

Vi møtast måndag, tirsdag, onsdag og torsdag kl 09:00 - 15:00.

Pris gjeld frå 01.01.2024

Dagtilbod - Eit tilbod for personar med demens (PDF, 4 MB)

 

Korleis søkjer du?

Du kan bruke dette søknadsskjemaet for å søkje om plass på dagtilbod for demens.

 

Kontaktinformasjon: Siv Brekke Fagervoll, Mob 47 63 71 71

Kontakt

Siv B. Fagervoll
E-post
Mobil 47 63 71 71