Dagtilbod psykisk helse

Dagtilbod psykisk helse

Vanylven kommune har ulike lavterskeltilbod som ynskjer å gje rom for sjølvtillit og livskvalitet i kvardagen. Har du lyst til å vere saman med andre eller ta del i ulike aktivitetar, så har vi dagtilbod.

Dagtilbod, psykisk helse

Deltakarane på dagtilbodet skal kunne få ein fristad, der vi driv med turar, hobby- og sosiale aktivitetar. Tilbodet skal vere lagt opp etter deltakarane sine behov og ynskjer.

Treng du ein stad å gå, nokon å snakke med over ein kopp kaffi? Vi serverar også eit fast måltid, som du kan kjøpe for kr 40 pr gong.

Vi møtast kvar torsdag kl 10:00 - 15:30 i Vårsol-stova, på Vanylven sjukeheim.

 

Kontaktperson:

Oddrun Kobbevik Oldeide

Mob: 940 33 516

E-post:  oddrun.kobbevik.oldeide@vanylven.kommune.no