Kva er tilrettelagt arbeid?
Avdeling Stenbakken er eit kommunalt tilbod til personar som av ulike årsaker har behov for tilrettelagt arbeid. Arbeidstida og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkelte sine moglegheiter.
Stenbakken Industri har ca 15 personar dagleg i arbeid, og samarbeider med Vanylven Aktivitetssenter.
Arbeidsområder:
- vedproduksjon, hente ved i skogen, kappe og kløyve, levere ut (heim) til kundane
- produksjon av mange typer utemøblar
- produksjon av trevarer; hyller, oppslagstavler, fuglekasser og foringsbrett, julenissar m.m.
Stenbakken er leia av avdelingsleiar, og har arbeidsleiarar til å leia produksjon,
Kven kan søkje tilrettelagt arbeid?
Dette kan gjelde personar som:
- Er funksjonshemma, fysisk og/eller psykisk
- NAV ønskjer arbeidstrening til, medan utredning pågår
- Videregåande skule ønsker arbeidspraksis til
- Mottek trygd eller pensjon og som ønsker å ha noko arbeid
Korleis søkjer du tilrettelagt arbeid?
Tildeling av arbeidsplass skjer i dialog med Stenbakken og aktuelle samarbeidspartnarar.
Kontakt :
Telefon og besøkstid Stenbakken: 977 12 435
mandag til fredag, 08:00-15:00