Folkehelse

Folkehelse

Folkehelse i Vanylven kommune

Folkehelselova tredde i kraft 1. januar 2012 og har som formål å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse.

Folkehelselova pålegg alle kommunar å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar helsa. Gjennom denne oversikta jobbar kommunen systematisk med folkehelsearbeid. Utfordringar som folkehelseoversikta viser vert drøfta og lagt til grunn for kommunalt planarbeid og i utforming av konkrete tiltak (plan- og bygningsloven § 10-1). Folkehelse og berekraftsmåla til FN skal vere førande for alt planarbeid og prioriteringar i Vanylven kommune.

Miljøretta helsevern er ein av faktorane i miljøet som til ei kvar tid kan ha direkte eller indirekte innverknad på helsa. Les meir om miljøretta helsevern her, i kap.3. Ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern er delegert til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar og har det samfunnsmedisinske ansvaret i kommuna.

Grunnlagsdokument

Vanylven kommune har eit skriftleg oversiktsdokument som vert oppdatert kvart fjerde år som kunnskapsgrunnlag for planstrategien til kommunen.

Folkehelseoversikta 2020 - Grunnlagsdokument til kommunal planstrategi 2020-2024 i Vanylven kommune 

Kvart år utarbeider Folkehelseinstituttet folkehelse- og oppvekstprofilar for alle kommunane i landet. Her kan du finne folkehelse- og oppvekstprofilen for Vanylven kommune 

Ungdata er ei lokal barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv på med i fritida. 

Ungdata-rapporten kan du lese her.

Kommunedelplanen sin samfunnsdel

Folkehelse er eitt av dei gjennomgåande perspektiva i samfunnsdelen av kommuneplanen.  Sjå særskilt satsingsområdet 2 Folkehelse og Livskvalitet. Kommuneplanens samfunnsdel

Samfunnsdel, 2022-2040

Samarbeid om folkehelse i Vanylven kommune

Vi har eit forpliktande strategisk samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune gjennom "God helse" (mrfylke.no). God Helse- samarbeidsavtalen omfattar avtalepartane sitt ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggande arbeidet. Avtalen utløyser eit årleg tilskot til kommunen og kommunen må arbeide målretta med prioriterte arbeidsområde i avtaleperioden. 

Vanylven kommune er også medlem i Sunnmøre friluftsråd, som er eit kommunalt oppgåvefellesskap. Friluftsrådet skal fremje eit allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen blant anna StikkUt! og Skjærgårdstenesta som er tiltak i regi av friluftsrådet. 

Kontakt

Oddbjørg Vik Nordal
barnekoordinator/folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 41 33 30 69