Kva er ein individuell plan?
Individuell plan er ei oversikt over dei ulike tenestene du får. Du får også ein koordinator, som blir din kontaktperson. Koordinator kan hjelpe deg med å samordne tenestene du har vedtak om.
Kvar kommune er lovpålagt å ha ei koordinerande eining, som har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.
Kven kan få individuell plan?
Du kan få individuell plan dersom du har ulike helseutfordringar, og du mottek tenester over ei lengre periode.
Her kan du lese meir:
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis søkjer du?
(Kjem snart)
Dersom du treng skjema på papir, ta kontakt med rehabiliteringskoordinator Silje Marita Vallestad på tlf: 70 03 01 29
For barn og unge under 18 år, ta kontakt med:
Mal til Individuell Plan:
Mal finn du her: IP-mal (PDF, 274 kB) (PDF, 38 kB)
Når du søkjer om individuell plan får du medverke i val av koordinator.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.