Psykisk helseteneste for barn, unge og familiar

Psykisk helseteneste for barn, unge og familiar

Vanylven kommune har starta opp tenesta psykisk helse for barn, unge og familiar. Denne tenesta held til på Vårsol på Fiskå, saman med psykisk helse voksne og fysioterapi-/ergoterapitenesta.

Tenesta skal yte psykisk helseteneste til barn og unge under 18 år i Vanylven kommune. Dei ansatte reiser ut på skulane,  barnehagane, heim eller andre plassar ved behov. Det er ei lavterskelteneste som alle kan kontakte. Saman kan vi finne rett veg til vidare oppfølging. Vi er ein del av det kommunale tverrfaglege samarbeidet (BTS).

Vi kan tilby:

  • Utviklingsstøtte (råd) og veiledningstilbud. 
  • Korttidstilbud ved milde til moderate psykiske plager. 
  • Langtidstilbud til barn, ungdom og foreldre som har behov for psykisk helseteneste over tid. 
  • Samansette tenester til barn og unge med komplekse og langvarige vansker. 

 

Kontaktinformasjon:

Hanne Morseth tlf. 940 36 629 ( tilgjengeleg; måndag, tysdag, onsdag, torsdag)

Hege Warberg  tlf. 965 14 376 ( tilgjengeleg; måndag, onsdag frå 12, torsdag)

Gina Blikeng tlf. 965 14 735 (tilgjengeleg kvar veke, men ulike dagar)

Solveig Menes tlf. 906 25 952 ( tilgjengeleg; måndag)

 

Her kan du lese meir om psykiske vanskar og kva hjelp du kan få hjå ulike instansar:

Barn og unges helseteneste - Helse Møre og Romsdal