Kven kan få tenesta?
Kriterier for å få synshjelpemiddel er at ein må ha visus dårlegare enn 0,3 på beste auge. Ein må ha oppdatert dokumentasjon frå augelege/optikar før ein kan søkje hjelpemiddel.
Døme på synshjelpemiddel er lupelamper, filterbriller, lese-tv, lydbokspelar med meir.
Personar som har nedsett hørsel og som treng hjelpemiddel. Døme på hjelpemiddel er forsterka varsling på ringeklokke, brannalarm og telefon. IR-anlegg til TV/radio og samtaleforsterkar.
Kven kontaktar du?
Regina Båtsvik (midlertidig)
regina.batsvik@vanylven.kommune.no
Mobil:
91 99 80 54
Ved feil på hjelpemiddel ta kontakt med hjelpemiddelansvarleg/hjelpemiddelkoordinator. Dersom det hastar ta kontakt med aktuell sone eller teknisk vakt ( utanom ordinær arbeidstid ). Teknisk vakt: 901 98 987