Kven kan få levert mat?
Tilbodet gjeld eldre og personar med nedsett funksjonsnivå, som av ulike årsaker ikkje klarer å lage middag sjølve. Dersom du klarer å varme deg ferdigmat i mikroovn, er du ikkje i målgruppa for denne ordninga.
Kva kostar det?
Pris gjeld frå 01.01.2025
Middag kostar kr 124 pr gong, fullkost kostar kr 206 pr dag.
Kommunestyret revurderer prisane ved kvart årsskifte. Du må avbestille innan klokka 12 dagen før, elles blir du fakturert som vanleg.
Korleis søkjer du?
Du søkjer på dette skjemaet.
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.