TT-kortFunksjonshemma og eldre med funksjonstap kan nytte ein såkalla "drosjelapp" når ein skal ut å reise med taxi i samband med fritidsreiser. Drosjelappar skal ikkje nyttast til reiser som kjem under trygdeordningar som t.d. reiser til lege, fysioterapeut m.m.Kven kan få TT-kort?TT-kort/"Drosjelappar" kan bli gitt til den som pga si funksjonshemning har vanskar med å nytte det ordinære kollektivtilbudet i kommunen.TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rettigheit, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggjarar. Krav for søkjar: Funksjonhemminga må ha ei varigheit på minst eitt år.Tilbodet dekker fritidsreiser, samt nødvendige reiser i forbindelse med innkjøp og andre ærend. Korleis søkjer du?Det er ikkje nok at du er gammal eller at det er dårlig eller manglande kollektivtilbod.Søknadsskjema finn du her (PDF, 607 kB) eller ved å vende seg til servicekontoret på rådhuset. Legeerklæring frå primærlege eller spesialist må leggast ved søknaden.Informasjonsskriv til legen (PDF, 739 kB)Informasjon til deg som søkjer tt-kort (PDF, 739 kB) Nyttige lenkjer https://mrfylke.no/tenester/veg-og-kollektiv/tilrettelagt-transport-tt-kort/ Publisert 05.08.2020 13:36 Sist endra 04.12.2024 12:35