Registrer deg som støttekontakt og besøksheim

Registrer deg som støttekontakt og besøksheim

La-Rel Easter/Unsplash.com

  

 

Vanylven kommune vil oppfordre fleire til å melde seg som støttekontakt og besøksheim.

Nedanfor finn du informasjon og skjema for registrering. 

 

Informasjon angåande registrering som støttekontakt

Du kan gjennom heile året registrere deg som støttekontakt.

Arbeidet som støttekontakt kan vere for born, personar med nedsett funksjonsevne eller eldre.

Når du skal arbeide som støttekontakt må du ha politiattest. Politiattest søkjer du om her.

Når vi har behov for ein støttekontakt vil vi ta kontakt.

Registrer deg som støttekontakt

Logg inn via ID-porten

 

Informasjon angåande registrering som besøksheim

Besøksheim/avlastningsheim er eit tilbod til familiar som av forskjellige årsaker treng avlastning og born som treng å utvide nettverket sitt.

Det er krav om politiattest for besøksheim/familieavlastar som utfører oppdrag for mindreårige.

Kravet er heimla i:
• Barnehageloven § 19
• Barnevernloven § 6-10
• Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
• Opplæringslova § 10-9

Det vert krevd attest for alle som bur i heimen.

 

Registrer besøksheim

Logg inn via ID-porten

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vanylven kommune servicetorget 700 30000, og dei vil hjelpe deg vidare.