Avgifter og vederlag

Avgifter og vederlag

I Vanylven kommune har vi kommunale kaier og hamner som ein kan legge til ved. 

Hamneavgifter
Vanylven kommunestyre har vedteke forskrift om anløpsavgift, forskrift om sakshandsamingsgebyr og regulativ for hamnebruk. Dette handsama i sak 72/2017 den 05.09.2017.
Avgiftsinnkrevjinga tok til 01.01.2018.

Farvannsavgift - 2020
Gjeld alle farty som utfører eit anløp og er over 15 meter, med nokre få fritak.

  • Kr 0,33/BT frå 01.04.2020
  • Minstesavgift per anløp er kr 200,-

 

Anløpsavgift gjeld alle anløp i Vanylven kommune sitt sjøområde, og til eigne og private kaier.
Jf. forskrift 17.08.1989-08 § 2 plikter hamnebrukarar og private kaieigarar å gi Vanylven kommune dei opplysningar som er nødvendig for å berekne og innkrevje anløpsavgifta. Vanylven kommune kan krevje kopi av dokumentasjon for å kunne oppfylle offentlege statistikkrav eller for å kunne kontrollere berekning av Vanylven kommune sine krav etter denne forskrifta.

Kaivederlag
Kaivederlag vert krevd av farty som legg til ved kommunale kaier. Vederlaga er per døgn.

For dei første 5000 BT

Kr 0,80 / BT

For dei neste 5000 BT

Kr 0,70 / BT

Deretter, over 10 000 BT

Kr 0,60 / BT

Minstevederlag:

  • Kr 500,- for farty på 15m og større
  • Kr 300,- for farty mindre enn 15m

Ankringsavgift

Ankringsavgift gjeld alle fartøy over 15m, som ankrar innanfor kommunen sitt havområde. Avgifta trer i kraft etter første 24 timane.

 

  • 1500kr/døgn

Hamnesikring/ ISPS

Hamneanlegga Fiskåholmen og Eidså sag har godkjenning som ISPS-terminal. Alle farty med sikringssertifikat (SSC) må nytte ei ISPS-godkjend kai ved anløp. Anløpsmeldingar, sikringsrapportar og mannskapslister for ISPS-anløp skal meldast inn via SafeSeaNet Norway.

Det vert vist til vedlagt dokument for ei fullstendig oversikt over avgifter og vederlag som vart gjeldande frå 1.1.2018. Alle spørsmål vedrørande hamna og innrapportering av anløp m.v kan sendast til hamn@vanylven.kommune.no