Konsesjon

Konsesjon

Landbrukseigedom
Med landbrukseigedom meiner ein eigedom som nyttast eller kan nyttast til jordbruk og/eller skogbruk. Slike eigedomar og areal vert omfatta av jordlov og konsesjonslov. 

Om du skal kjøpe eller overta fast eigedom, eller leige eigedom for meir enn 10 år, må du normalt søkje kommunen om konsesjon (løyve). Overtaking av landbrukseigedom med totalareal 100 dekar eller meir - eller der det totale dyrka arealet er større enn 35 dekar - er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova. Det er gebyr for saksbehandlinga.

Det føreligg ei rekkje unntak frå lova, t.d. er det konsesjonsfritt å overta ei enkelt hus-/hyttetomt dersom tomta ikkje er større enn 2 daa. Det same gjeld bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar totalt, og har under 35 daa dyrka jord. Medan ubebygd, uregulert  eigedom over 2 dekar treng konsesjon.

Overtaking frå nær slekt er også konsesjonsfritt, dersom tidlegare eigar har sitt konsesjonsforhold i orden (buplikt t.eks.). Ved konsesjonsfri overtaking må skjema «Eigenerklæring om konsesjonfridom» fyllast ut av overtakar, og kommunen må stadfeste opplysningane (vert registrert elektronisk).

For andre erverv må det søkjast om konsesjon til kommunen, på eige søknadsskjema. 
5 års buplikt trer inn når ein tek over ein landbrukseigedom konsesjonsfritt frå nær familie eller når ein har odelsrett til eigedomen. Viss det er buplikt på eigedomen, og overtakar ikkje buset seg der innan eitt år etter overtakinga, må det også søkjast konsesjon. 

I Vanylven vert det kravd 5 års buplikt som eit vilkår etter §11 i konsesjonslova, også for landbrukseigedomar under 35 dekar dyrka jord. Dette på grunn av busettingomsynet/ minkande folketal. 

Driveplikt er fastlagt i jordlova, og inneber at du har plikt til å drive eigedomen så lenge du eig den, og det gjeld frå overtakinga. Du har likevel ein frist på eitt år på å bestemme deg for om du sjølv vil drive eigedommen eller om du vil oppfylle driveplikta ved bortleige til andre. Kravet er 10-års leigeavtale, kopi skal sendast til kommunen.

 

Korleis søkjer eg ?

Meir informasjon:

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Mobil 91 55 90 27