Etableringsprøve

Etableringsprøve

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etableringsprøva. 

Gjennomføring av prøva

Etableringsprøva kan takast etter avtale med servicetorget på rådhuset, Fiskå 6143. Ha med gyldig legitimasjon - pass, førarkort eller bankkort med bilde. 

Prøva er ei fleirvalgsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. 

Språk

Prøva blir på norsk. Det blir ikkje anledning til å ha med tolk. 

Hjelpemiddel

Det er tillatt å bruke lovsamling. 

Korleis kan eg ta prøva? 

Elektronisk søknadskjema finn du her 

Pris

Det kostar 400 kr, som må betalast kontant ved oppmøte 

Pensum

Vinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv- prøver". Det anbefalast på førehånd at deltakarane sett seg inn i pensumet. 

Prøvebevis

Alle som består etableringsprøva får eit prøvebevis, som er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har den nødvendige kunnskapen om serveringslova. 

Kontakt

Kåre Kvangarsnes
politisk sekretær
E-post
Mobil 94 03 62 15
Sonja Lade
fagkoordinator servicetorg
E-post
Telefon 30000