Krav til søkar:
Det firmaet som skal ha det økonomiske ansvaret for serveringa kan søke om løyve. Dersom et enkeltmannsforetak har ansvaret er det foretaket sin eigar som søker om løyvet.
Personen som søker om serveringsløyvet og personar med vesentleg innflytelse på verksemda (feks medeigar) må ha uklanderleg vandel i forhold til:
- Straffelovgiving
- Skatte- og avgiftslovgivinga
- Regnskapslovgiving
- Diskrimineringslova
Dagleg leiiar kan ikkje ha begått lovbrudd i forhold til anna som lovgiving som vil vere upassande med drift av ein serveringsstad, og han må ha bestått etableringsprøva.
Vedlegg som må leggast ved søknaden:
- Bekreftelse på bestått etableringsprøve
- Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta (kan ikkje vere eldre enn eit år)
- Skatteattest for søkarar, eigar og andre med vesentleg innflytelse over verksemda
- Teikning av serveringslokalet
- Kopi av leigekontrakt eller skjøte
- Dokumentasjon på at lokalet er godkjent for omsøkt bruk, i henhold til plan- og bygningslova
- Bekreftelse på melding om mattilsynet.
Søknad om serveringsløyve finn du her.
Om det søkast om uteservering, må du i tillegg legge ved følgjande i søknaden:
- Godkjenning frå grunneigar
- Teikning av uteserveringsarealet
- Leigekontrakt for uteareal (ved kommunal grunn)
Endringar i drifta:
Du har plikt å melde ifrå til kommuna dersom det skjer endringar i drifta, som for eksempel ved:
- Skifte av dagleg leiar
- Endring i driftskonsept
- Endring i eigarforhold.