Skal du starte ein stad med servering som også skjenker alkohol, må du søke om serveringsløyve.
Korleis få skjenkeløyve?
Firmaet som har det økonomiske ansvaret for skjenkinga kan søke om løyve. Dersom eit enmannsforetak har ansvaret, er det foretaket sin eigar som søker om løyvet.
Den som søker om løyvet og andre med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgivinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga.
Det skal utpeikast styrar og stadfortredar, desse må:
- ha fylt 20 år og vere ansatt på staden, eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
- ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgivinga
- bestått kunnskapsprøva for skjenkeløyve i alkohollovgivinga
Korleis søke om skjenkeløyve
Søknadskjema for skjenkeløyve, lukka selskap finn du her.
Søknadsskjema for skjenkeløyve, ope arrangement finn du her.
Søknadskjema for endra vilkår for einskild høve (når søkjar allereie har løyve) finn du her.
Dette må du legge ved søknaden:
- dokumentasjon på styrar og stadfortredar
- dokumentasjon på serveringsløyve
- beskrivelse av staden sin beliggenhet
- firmaattest
- bekreftelse på bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve for styrar og stadfortredar
- leigekontrakt
- målsatt teikning av lokalet
- aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor sin bekreftelse på eigarandelar oppgitt i prosent.
- kjøpekontrakt eller anna dokumentasjon på overdragelse, om du søker om løyve etter eigarskifte
- skatteattest for aktørar som omfattast av vandelkravet
- rutine for internkontroll
- brukstillatelse
Saksbehandlingstid
Behandlingstida for skjenkeløyvet er ca. 3 månedar. Søknaden blir sendt på høring til politiet.
Behandlingstida kan bli forlenga om høringsinstansane brukar lang tid, har bemerkingar til søknaden eller om du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.
Endringar i drifta
Du plikter å melde ifrå til kommuna dersom det skjer endringar i bevillingsperioda, som for eksempel ved:
- skifte av styrar og stadfortredar
- endring av driftkonsept
- ending av eigarforhold