Om kulturskulen

Om kulturskulen

Kulturskulen i Vanylven er eit fritidstilbod med opplæring i fleire kunstfaglege felt, der born og unge i og utanfor skuletida kan få utvikle dei skapande evnene sine. Kulturskulen skal vere med på å styrke born og unge sin sjølvtillit og gje glede i kvardagen.

I kulturskulen jobbar vi for at elevane skal kjenne meistring og trivsel. Alle lærarane våre står på for å gje born og ungdom i Vanylven gode kulturopplevingar - kvar veke, kvar dag og kvar time vi møtast. Det å gå i kulturskulen skal vere ei blanding av leik, moro og alvor. Vi har det kjekt i lag, utfordrar kvarandre og stiller krav. Undervisninga er i tråd med gjeldande rammeplan for kulturskulen og opplæringslova, og er desentralisert. Vi driv hovudsakleg aktivitet ved dei tre skulane i kommunen, og har som mål å vere til stades nære borna.

Historie

Vanylven kommunale musikkskule vart oppretta hausten 1981. Det første tilbodet var musikalsk førskule. Hausten 1982 vart det så starta opp med instrumentalundervisning.
I skuleåret 1999/2000 skifta musikkskulen namn til Vanylven musikk-og kulturskule. Samstundes vart drama/teater teke inn som tilbod i tillegg til instrumentopplæring og musikkførskule. Frå 2005 vart namnet endra til Vanylven kulturskule. 
 

Kulturskulen sitt føremål

  • Å utvikle musikalske og skapande evne hjå elevane, og fremje deira oppleving av og forståing for musikken og andre kunstfag som allmennmenneskeleg og kunstnarleg utrykksform.
  • Å utvikle elevane sin dugleik innanfor kunstfaga utifrå den enkelte sine føresetnadar og ynskjer, slik at dei først og fremst får ei meiningsfull og stimulerande fritidsaktivitet og gode føresetnadar for å meistre.
  • Å skape aktive lyttarar/tilskodarar som er i stand til å velje innanfor det mangfald av kulturtilbod som finst i samfunnet. 
  • Å vere ein ressurs for skuleverket og musikklivet elles i kommunen, i arbeidet med å oppnå ei best mogleg opplæring og fremje interesse for musikk og andre kulturfag i nærmiljøet.

Kven passar kulturskuleundervisning for? 

Undervisninga passar til born og unge som har interesse for musikk, kunst og drama og vil utvikle seg innan desse felta. Ein treng ikkje å ha forkunnskapar for å få undervisning i kulturskulen. Borna er her for å lære å utvikle seg. Undervisinga vert, så langt det let seg gjere, lagt til rette for den enkelte sine behov, og mange har time i eller rett etter skuletid og i SFO-tida.

 


Trykk her for å lese meir om fagtilbodet i kulturskulen.

Kontakt

Lars Myklebust
rektor Vanylven kulturskule
E-post
Telefon 99 31 17 48