Heimen vil framleis bli fakturert for materiell og evt. instrumentleige. For visuell kunst må ein rekne med utgifter til materiell (300 kr), spelebøker og notar til musikkundervisning kjem også i tillegg. Kulturskulen kjøper inn materiell og fakturerer foreldre.
Korpset krevjar inn kontingent etter eiga ordning og ein får låne instrument der. Ta kontakt med korpset i ditt nærmiljø for å høyre korleis ordninga deira er.
Kulturskulen har nokre få fiolinar og trekkspel til utleige. Leiga er kr. 400,- pr. halvår. Dei som vil leige instrument vel dette i søknadsskjemaet. Alle andre instrument må heimane halde sjølv. Ein må ha instrument heime for at borna skal kunne øve og oppleve utvikling innafor kunstfeltet dei ynskjer å fordjupe seg i.
Gitar og andre instrument som kan berast skal vere med på timane. Ved undervisning i instrument som piano m.fl. vil undervisinga føregå i klasserom med relevant instrument.

VILKÅR
Søknadsfristen er 20. APRIL 2024. Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 01. desember.
UNDERVISNING
Undervisningstida i musikk er normalt på 38 veker, 17 i hausthalvåret og 21 i vårhalvåret. Deltaking på ein konsert vert rekna som ein undervisningstime. Ved bortfall av meir enn tre undervisningsdagar pr år vil kulturskulen forsøke å erstatte manglande undervisningstid. Elevane får undervisning 1/3 time (20 min) pr. veke, eller 30-45 min pr. veke i enkelte grupper. Undervisninga er organisert i grupper med 2-3 elevar i kvar gruppe, eller for nokre instrument enkeltvis.
Dans: I gjennomsnitt 45 min pr veke i gruppe, men kan også periodevis vere meir eller mindre. Teater 1,5 time pr gruppe. Visuell kunst: 1,5-2 t pr gruppe pr veke.
SKULESTART
Kultursklen startar opp ei veke etter grunnskulane i hausthalvåret, men første heile skuleveke i vårhalvåret.
Søkje plass i kulturskulen? Trykk her.