Kva er SFO?
Skulefritidsordningane (SFO) er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod for elevane i 1.-4. klasse, og for born med nedsett funksjonsevne til og med 7. klasse.
Tilbodet skal vere tufta på same verdiar som barnehagane og skulane i Vanylven. Borna sine behov for leik, kulturaktivitetar, omsorg og sosial læring må vere kjernen i innhaldet for tilbodet.
Kommunen har i dag SFO-tilbod ved alle skulane. Ynskjer du meir informasjon om skulefritidsordninga, kan du sjå i
vedtektene for SFO.(PDF, 184 kB)
Søknadfristen er 15.april.
Kva er opningstidene?
Den daglege opningstida må tilpassast timeplanen ved kvar enkelt skule.
Heil plass er inntil 5 dagar pr. veke frå ein halv til éin time før skulestart, og minst til klokka 16 etter skuleslutt.
Redusert plass kan vere 4 dagar pr veke eller inntil 3 dagar pr veke innanfor same tidsavgrensingar som ovanfor.
Kva kostar det?
Frå august 2024:
Det er innført 25 % syskjenmoderasjon for 2. og 3. barn. Det er gratis SFO for elevar med særskilte behov frå 5. til og med 7. klasse. For elevar i 1, 2 og 3. klasse er det 12 timar gratis kjernetid.
Ordninga med 12 timars gratis SFO utvidast til også å gjelde elevar på 3. trinn
Kunnskapsdepartementet har nå vedteke endringar i forskrift til opplæringslova § 1B-4 om gratis skulefritidsordning for elever på 1. og 2. årstrinn, slik at ordninga også omfattar 3. trinn frå skuleåret 2024–2025. Endringa trer i kraft 1. august 2024. Den nye forskriftsteksten er publisert på Lovdata.
Spørsmål angåande faktura?
Kontakt May-Britt Svastuen : 940 34 041
Borna skal takast inn på skulefritidsordninga ved den skulen dei går på, dersom der er skulefritidsordning.