Retten til innsyn i offentleg verksemd er nedfelt i offentleglova.
Hovedregelen i offentleglova er at alle saksdokument i offentlege verksemder er opne for innsyn. Dette inneber at kommunikasjon til og frå kommunen vert registrert (journalført) i våre sakshandssamingssystem og publisert på våre offentlege postlister.
Sjå også Rettleiar til offentleglova for meir informasjon.
På postlista til Vanylven kommune vil ein ikkje finne arkivdelane: barnehagearkiv, brann, elevarkiv, disiplinærarkiv, flyktningarkiv, pasientarkiv og personalarkiv. Vi gjer merksam på at det likevel kan stillast krav om å få utlevert postliste der desse arkivdelane er med. Som part kan du ha rett til innsyn etter forvaltningslova § 18. Vi gjer merksam på at X- dokument heller ikkje vert publisert, men at ein kan be om innsyn i dette.
Vanylven kommune oppfordrar folk til å nytte eDialog til å sende brev og dokument til kommunen på ein trygg måte.
Postliste for Vanylven kommune
Politisk møteplan og saksdokument
Eldre saksdokument
Kontrollutvalet
Vest kontroll er sekretariat for kontrollutvalet i Vanylven kommune.
Postliste for kontrollutvalet i Vanylven kommune