Desse har stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet:
Norske statsborgarar som:
-
vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
-
er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Noreg, og som
-
ikkje har mist stemmeretten sin etter Grunnlova § 53.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Ikkje-norske statsborgarar som:
-
har stått innførte i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
-
er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterførte som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
Alle personar med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert busette pr. 30. juni i valåret.
Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.
Manntalet er lagt ut til ettersyn på Servicetorget, Rådhuset, Fiskå frå 10.juli.
Om du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå.