Generelt bålforbod
Sjølv om det er generelt har du lov å tende bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere viss det ligg snøv på bakken og det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjend av kommuna. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagane reknast som innmark og omfattar ikkje forbodet.
Totalt bålforbod
Viss skogbrannfara er høg kan brannvesenet lokalt legge ned totalforbud mot å gjere opp eld utandørs. I praksis betyr eit slik totalforbod at du ikkje har lov å grille eller tende bål verken i skog, utmark eller på stranda. Grilling i egen hage er som regel tillatt, så lenge ein passar godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totalforbud.
Melding om bål
Du sende inn melding om bål til kommunen og få automatisk svar, dersom du har fylt ut skjemaet rett.
Jonsokbål
Hugs at alle jonsokbål skal meldast til oss.
Følgjande reglar gjeld for bålbrenning:
- Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillate. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi. (Lilleeide miljøstasjon)
- Det skal søkjast til brannsjefen om å få brenne jonsokbål og ved evt. ynskje om bålbrenning ved andre høve.
- Røyken frå småbrenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar. Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg.
- Ulovleg brenning som fører til utrykning kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen.
Tips til trygg bålbrenning
- Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
- Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita
- Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
- Bålet må vere i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon
- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov
- Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengelig
- Det er forbod mot å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel
- Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt
- alle bål skal slukkast før det blir mørkt ute, slik at det ikkje oppfattast som brann av dei som ser bålet på avstand.
- Vanylven brann og redning ønsker at du informerar 110-sentralen før du tende større bål eller brenn bråte. Dette er for at vi ikkje skal få brannmeldingar på det som er ditt bål.
Uforsiktig omgong med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er dei største grunnane til skogbrann. skogbrannfare.met.no