iVanylven - Kva skjer i Vanylven?
Randi Helgøy
Sida er under kontinuerleg arbeid, og vi ynskjer at lag og foreiningar som ikkje er registrert enno, tek kontakt. Dette kan også gjelde bedrifter som ynskjer å vere med.
Ved registrering vil ein få tilsendt ei kode, som gir mulighet for redigering. Det er laget/foreininga sjølv som har moglegheit til å publisere innhaldet ein ynskjer skal ut.
Ein av dei viktigaste funksjonane med sida er sjølve aktivitetskalenderen. Vi har mange ulike kommunikasjonskanalar etablert allereie, denne er meint å samle det sentrale vi finn i dei ulike kanalane.
Det vil også vere muleg å finne liknande sider i ulike kommuner rundt oss. På den måten er også sida eit godt verktøy retta inn mot turistar og nye innbyggjarar som ikkje kjenner Vanylven kommune like godt.
For meir informasjon eller hjelp til bruk av nettsida, ta kontakt med Randi Irene Helgøy ved frivilligsentralen.
Vanylven frivilligsentral