Besøksreglar ved omsorgssenteret - jul og nyttår Besøk på omsorgssenteret kan gjennomførast på romma til bebuarane. Ein kan ikkje opphalde seg i fellesarela. Om ein kjem frå eit område med stort smittepress, vert det åpna for besøk på tilrettelagt besøksrom, då med bruk av munnbind. Ved alvorleg sjukdom hjå pasient vil vi framleis legge til rette for besøk på pasienten sitt rom. Om ein vil ta med bebuaren heim til julefeiring, vil vi då ta ein individuell risikovurdering - med mogleg skjermingstiltak etter at ein kjem tilbake til institiusjonen, då for å hindre smitte inn i avdelinga. Tal besøkande må avgrensast til 2 på rommene, og maks 4 på besøksrommet, pr gong. Alle besøk skal avtalast med avdelinga (ansvarsvakt) minst eit døgn på førehand. De må seie ifrå kor mange som kjem på besøk når de ringer. Vi fører besøksprotokoll der vi registrerer namn og telefonnummer til alle besøkande, noko som sikrar rask smittesporing dersom det vert naudsynt. Det er frivillig å oppgi personopplysningar til dette. Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom ein etter besøket får påvist smitte med Covid-19. Om ein blir definert som nærkontakt i tida etter gjennomført besøk, oppmodar vi og til at du gir oss beskjed om dette. Dei besøkande skal vere friske, og ikkje ha teikn til luftvegsinfeksjon eller anna akutt sjukdom. Om ein har hatt slik infeksjon skal dei ha gått minst 2 døgn utan symptom før besøk. Om du nyleg har vore i utlandet bør du gi beskjed om dette. Besøkande skal gjennomføre handvask/spritvask før og etter besøket. Det same gjeld den som mottek besøk. Ansvarsvakt skal sjå til at dette vert utført Det generelle rådet ved besøk er 1 m avstand. Det er lov å ta med gåver, blomster etc Besøk aukar smitterisiko. For dei pasientane som ikkje sjølv har forståing for smitterisiko ved besøk, ønsker vi at andre enn næraste familie (ektefelle, barn, barnebarn), avtaler med hovudpårørande om besøk er ok. Publisert 20.12.2020 13:12 Sist endra 20.12.2020 13:12