Varsling av tilsyn/feiing skjer med datasystemet brannforebygging.no og sms frå systemet kjem med eit langt telefonnummer, dette forstår vi er litt uheldig i desse dagar med mykje svindel. Vi legg difor med eit døme på korleis sms’en er utforma:
Vi kartlegg no fritidsbustader for feiing/tilsyn i Mumidalen 10 C H0101, den 02.09.2020
Eigar må vere tilstades.
Avtalen må godkjennast for at besøket kan utførast.
1 = Det passar.
2 = Det passar ikkje, ynskjer nytt varsel.
Svar på denne meldinga KUN med talet 1 eller 2. Ikkje noko tekst.
For meir informasjon: https://q.norkart.no/uhaW4EM
Har du ikkje fyringsanlegg, må du gi oss beskjed om dette.
Helsing
Vanylven brann og redning
*Kontaktinfo aktuell brannførebygger*
-
Dei innbyggerane som ikkje er digitale vil få brev i postkassa si om dette i staden for sms. Ynskjer de å gjere endringar i kontaktinfo så er dette noko de må gjere sjølve, vi bruker kontakt og reservasjonsregisteret til staten for å hente informasjon, denne kan de endre det her: Oppdater kontaktinformasjon | Norge.no
Det er dei same krava for tilkomst som for bustadhus, fastmontert takstige eventuelt ei feiieluke i skorsteinen.