Flagging 17.mai i grendalaga

Flagging 17.mai i grendalaga

Pixabay.com

Vanylven kommune vurderer å avvikle kommunal flagging på flaggdagane, dette for å spare ressursar og redusere kostnadar ved flagging. Vi kan samtidig informere om at kommunen per dags dato flaggar i bygdene Syvde, Eidså, Åram, Fiskå og Åheim. Bakgrunn for saka er at ein ynskjer at alle bygdene skal bli behandla likt.

Denne saka var oppe til politisk behandling i kommunestyre 18.mars 2024, der vedtaket blei fylgjande:

«Saka vert utsett. Kommunen ser på innhaldet i flaggreglementet, både i høve kostnadar og i høve involvering av lag-/foreiningar eller elevar i høve å bidra med flaggheising».

 

Kommunedirektøren vil difor be om tilbakemelding på om grendalaga kan ta ansvar for å henge opp vimpel i flaggstengene og flagge med det norske flagg på nasjonaldagen. Kommunen vil i denne samanheng kjøpe inn vimplar til alle grendalaga og gi eit tilskot på kr 750 for flagging på 17.mai. Grendalaga står sjølvsagt fritt til å flagge på dei andre offentlege flaggdagane om dei ynskjer det.

 

Det har blitt sendt ut mail til alle grendalaga. Dersom det har vore endringar i leiinga i grendalaga, ber ein om at ein gir ei tilbakemelding slik vi kan få vidaresendt til rette vedkommande.

Ein ber om svar innan 16.mai, til tone.ekremsaeter@vanylven.kommune.no.