Pixabay.com
Prosjektet varer pr. no til 01.10.24. Solveig Menes er prosjektleiar og ho har med seg ei tverrfagleg samansett prosjektgruppe med representantar frå skule/barnehage, helsestasjonen og andre sentrale einingar som jobbar med barn og unge i kommunen.
Prosjektet arbeidar med:
- Har etablert tverrfagleg team (BTS-team: Betre tverrfagleg samarbeid) på alle skulane. Barnehagane skal startast opp hausten-24.I saker der det er behov for tverrfagleg samarbeid skal skulen/barnehagen innhente samtykke til å drøfte saka i teamet. Føresette kan og ta kontakt og få drøfta saka si her.
- Innhenta Informasjon om korleis andre kommunar organiserar tenestene
- Tverrfagleg samarbeid i høve ny ungdomsklubb på Vårsol
- Arbeid med organisering av nytt, lovpålagt psykisk helsetilbod for barn og unge i kommunen
- Innhente erfaringar frå ungdom, foreldre/familiar som bruker/har brukt tenestene
- Framtidig organisering av tenestene
- Starte opp tverrfagleg samarbeid på systemnivå
Framover vil prosjektet arbeide med:
- Følgje opp aktivitetar som har starta
- Sikre samarbeid med spesialisthelsetenesta
- Lage ROS-analyse av tverrfagleg samarbeid
- Vere med å utarbeide Plan for førebygging av omsorgssvikt og atferdsproblemer
- Skrive sluttrapport
Dersom de har spørsmål eller innspel til arbeidet i prosjektet, ta gjerne kontakt med underteikna.
Ynskjer alle ein god dag.
Mvh
Solveig Menes
Prosjektleiar «Reetablering av familie- og læringssenteret»
solveig.menes@vanylven.kommune.no
Ttlf. 90 62 59 52