Kulturprisvinnar 2024 Bente Sundnes!
Måndag 16.desember delte Vanylven kommune og Sparebanken Møre ut årets kulturpris til Bente Sundnes.
Bente har drive med frivillig arbeid innan musikk m. m i 40 år. Ho skapar kulturarenaer for både dei minste og dei vaksne, og er ein gledesspreiar, inspirator.
Stor takk og gratulerer også til Anne Håberg som var årets kulturpriskunstnar med bildet «Fri».
Vi gratulerer Bente Sundnes så mykje med kulturprisen !