Kulturskulen er open for påmelding til neste skuleårVanylven kulturskule er no open for påmelding til skuleåret 2026/2027.Søknadsfrist: 18. maiBåde nye elevar og elevar som ønskjer å halde fram i kulturskulen neste skuleår.Du kan melde deg på eit av tilboda i kulturskulen herHar du allereie eit tilbod, og vil halde fram? Klikk herVil du sjå nærar på dei ulike tilboda gjer du det herKulturskulen tilbyr opplæring innan ulike fagområde, og vi håpar mange har lyst til å søkje plass. Samstundes gjer vi merksam på at ikkje alle tilbod nødvendigvis vert oppretta. Oppstart og omfang må vurderast ut frå søkjartal, bemanning og gjeldande økonomiske rammer.Inntil noko anna er bestemt, er kulturskulen gratis for elevane.Velkomen som søkjar til Vanylven kulturskule!Med helsingMarina Haaberg ErsvågRektor, Vanylven kulturskuleE-post: marina.haaberg@vanylven.kommune.noTelefon: 997 11 263Påmelding: www.vanylven.kommune.no → Kulturskule / SpeedAdmin