Kven kan få Inkludering- og mangfaldsprisen?

Kven kan få Inkludering- og mangfaldsprisen?

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2024 la ned ein spesiell innsats i å fremme integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Nominasjonsfrist er 1. februar 2025.

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som:

  • bur i fylket eller har sterk tilknyting til fylket
  • har tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.

Les meir om prisen, korleis du kan nominere, og vilkåra her: Inkluderings- og mangfaldsprisen - Møre og Romsdal fylkeskommune