Larsnes ferjekai er forseinka – dagens ruter fortset til 19. desember

Larsnes ferjekai er forseinka – dagens ruter fortset til 19. desember

Ferjene i rute 1066 Larsnes– Åram–Voksa–Kvamsøya går i dag via Årvika.  Dette blir forlenga til og med 19. desember. 

 Larsnes ferjekai blei stengt 20. august, og skulle opphaveleg opne 1. desember.

-På grunn av utfordringar med grunnforhalda blir bygging av ny ferjekai på Larsnes forseinka, seier Andreas Brekke, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arbeidet tek lengre tid enn planlagt, og både A og B ferja forlenger perioden der dei går frå Årvika i staden for Larsnes. Samfunnsbåten MS Liv fortset med ekstra avgangar frå Larsnes i perioden ferjekaia er stengt.  

Det er venta at Larsnes ferjekai opnar 20. desember, og ferjene vil gå frå Larsnes frå same dato. 

 

Kontaktpersonar:

Margreta Pilskog, rådgivar i FRAM, tlf. 994 53 980

Andreas Brekke, byggeleiar, tlf. 980 11 600