Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune 31.oktober

Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune 31.oktober

Vanylven kommune arrangerte torsdag 31. oktober Motivasjonsdag for alle tilsette i kommunen.

Bakgrunnen for dagen er at vi ønskjer å få fram det positive som skjer i kommunen, og at dei gode idèane og tiltaka blir framheva. 
Det er viktig for oss å vise at vi satsar på dei tilsette og ønskjer at alle skal ha gode arbeidsdagar. 

Vi starta dagen med felles lunsj og blei godt tatt imot av konferansier Lars Myklebust. Det blei holdt foredrag frå Jørgen Dyrhaug om bl.a datasikkerheit. Det vart orientert med informasjon både frå Frivilligsentralen og BUA, VAOA og innslag frå heimesjukepleia.

Det vart og utdeling av ein vandrepokal som skal gå vidare kvart år. I år gjekk denne til Brann og redning. 

Til slutt blei det holdt foredrag med Ingvard Wilhelmsen.

Dette vart ein vellykka dag og vi håpar mange av dei tilsette fekk god motivasjon og inspirasjon.