Ny oppstillingsplass på Årvika ferjekai vert klar torsdag 22. august. Det er fleire dagar tidlegare enn fyrste melding. I to dagar frå 20. - 21. august må bilar til og frå øyane ta omkøyring med ferje via Årvika - Koparnes, og køyre til Åram.
- Vi har sett på løysingar og strekt oss langt for å gjere Årvika ferjekai ferdig tidlegare, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Trond Vidar Gjerde.
Larsnes ferjekai stenger tysdag 20. august, og ferjene i rute 1066 Larsnes– Åram–Voksa–Kvamsøya skal gå via Årvika. Larsnes vert stengt ut november. I tillegg oppmodast tungtransporten om å køyre om Fiskå dei to dagane 20. - 21.august. Dette på grunn av vegstandarden.
Tre oppstillingsfelt i Årvika
Nye oppstillingsfelt i Årvika vert altså klare frå morgonen torsdag 22. august. Felt 1 er for bilar til Koparnes, medan felt 2 og 3 er for bilar til Voksa og Kvamsøy. Det vert etterkvart lysregulering for felt 2 og 3, men dette er ikkje klart frå fyrste dag, i følge Gjerde.
- Merk at for reiser frå Åram til Voksa og Kvamsøya må ein bestille tur 1 time før avgangstid på tlf. 916 81 120 / 916 81 119, seier han.
- Då vil mannskapet sette av plass før avgang frå Årvika. Informasjon om dette vil verte oppdatert i i reiseplanleggaren til FRAM.
Ekstra avgangar med passasjerbåt
Frå 20. august og i heile stengeperioden vil samfunnsbåten MS Liv ha ekstra avgangar frå Larsnes. Rutetidene for ferjene og samfunnsbåten vert oppdatert i reiseplanleggaren på FRAM sine nettsider, eller i FRAM-appen. Det vert gjort nokre mindre justeringar på enkelte ruter slik at ikkje ferjer skal kome samtidig til Årvika. Rutetidene vil vere tilgjengeleg for rutesøk frå onsdag 21. august.
Bildet er ein illustrasjon med dei 3 oppstillingsfelta på Årvika ferjekai.
Kontaktperson:
Hans Rune Paulsen, prosjektleiar, tlf. 988 34 677