Politiet til føresette: – Gjer tydelege avtalar med barna og ungdomane

Politiet til føresette: – Gjer tydelege avtalar med barna og ungdomane

I ei sommarhelsing gir politiet i Herøy, Sande og Vanylven råd til alle som har barn i grunnskulen.

Politistasjonssjef Janne Garnes Nilsen (nummer to frå venstre) har klare råd til dei føresette. Nilsen står saman med ordførarane (frå venstre) Olav Myklebust (Sande), Lena Landsverk Sande (Vanylven), Bjørn Prytz (Herøy). Svein Arne Orvik

Snart er det sommarferie, og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt vender seg no til dei føresette i eit brev. 

Det kan vere lettare for barn og unge å ta gode val i sommar dersom føringane heimanfrå er tydelege. Det strekar politiet under i brevet. Dei tre kommunane sender ut brevet denne veka.

– Ta telefonen, også om natta

Politiet peikar på tre tema som dei føresette må vere spesielt merksame på: trygge rammer, skadeverk og rusmiddel.

– Ver tilgjengeleg, lag avtalar med andre foreldre om henting og ta telefonen når den ringer, også om natta, er eitt av råda politiet gir om det å lage trygge rammer.

Om skadeverk skriv politiet: 

– Lediggang aukar sjansen for å oppsøke spaning gjennom rampestrekar, eller verre, gjennom ulovleg åtferd. Vi oppmodar vaksne om å vere til stades på dei arenaene der barn og unge oppheld seg.

Politiet skriv også at haldningane til narkotiske stoff endrar seg blant unge.

– Det må ikkje vere tvil om at kjøp, sal, oppbevaring og besittelse av narkotika er straffbart, skriv politiet i sommarhelsinga.

Ønsker kontakt med dei føresette

Politikontaktene Janne Garnes Nilsen (politistasjonssjef) og Jørn Fredriksen Larsen har skrive under brevet.

Dei ønsker alle ein trygg og god sommar – og oppmodar føresette om å kontakte politiet viss dei kjem borti noko uheldig eller kriminelt.

– Sommaren er ei tid der politiet blant anna prioriterer nærvær og oppsøkande arbeid ute blant unge som har skulefri og ferie. Vi ønskjer å vere eit politi det skal vere lett å kome i kontakt med, heiter det i sommarhelsinga. 

 

Her kan du laste ned sommarhelsinga frå politiet i Herøy, Sande og Vanylven(PDF, 229 kB).