Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt knytt til smittevern.
1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
2. Pass på godt smittevern når du reiser.
3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonane våre med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste famile der du bur. Besteforeldre og vener får vente på deg desse dagane.
5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!
Helsing frå kommuneoverlegane på Sunnmøre.