Vegen frå Saurdalsvegen og opp til Øverberg vert mellombels stengt grunna parti med isete veg.

Test av Nødvarsel onsdag 14.januar

Test av Nødvarsel onsdag 14.januar

Onsdag 14. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Nødvarsel DSB

Meir informasjon om varslingsprøva er publisert på nødvarsel.no: https://www.nodvarsel.no/

Dette skjer når Nødvarsel blir testa

  • Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 14. januar 2026.
  • Når du mottar testen, vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
  • Varselet kan "dragast" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).
  • Teksten i varselet kjem i to språkvarsjonar - ein norsk og ein engelsk.

Varselet mottast og blir vist på alle mobiltelefonar som er 

  • Skrudd på
  • Kobla til mobilnettet (4G/5G)
  • Oppdatert med nødvendig programvare