Trivsel for eldre - levering av middagar til eldre ute i bygdene

Trivsel for eldre - levering av middagar til eldre ute i bygdene

Vanylven kommune og gruppa «trivsel for eldre» samarbeidar for trivsel blant eldre i Vanylven. 

Vi ynskjer no å samle ei gruppe frivillige som kan tenkje seg å køyre og levere middagar til eldre ute i bygdene.

Levering er laurdagar, søndagar og heilagdagar. Middag hentast på kjøkkenet ved Vanylven helse- og omsorgssenter og leverast til eldre som treng matlevering.

Om dette er noko DU kan tenkje deg å bidra med, ta kontakt med Jorunn Nystøyl i «Trivsel for eldre», tlf: 48190199.

Kostnadar med transport vil verte dekka av Vanylven kommune. 

  La-Rel Easter/Unsplash.com