Ung Kultur og Fritid

Ung Kultur og Fritid

 Biblioteket, UKM og Fritidsklubben jobbar saman for å gje barn og unge fleire kulturtilbod som stimulerer til skaparlyst og mestringskjensle. 

UKM-året 2021 vert noko annleis enn tidligare år, både på fylkesnivå og lokalt her hjå oss i Vanylven.

Det vert ikkje lokal- eller fylkesmønstring i 2021, slik vi har vore vant til. UKM Møre og Romsdal oppmodar i staden til å skape unge kulturelle møteplassar gjennom året. Nettopp det gjer vi no i Vanylven.

Vanylven Folkebibliotek, UKM Vanylven og Vanylven Fritidsklubb vil samarbeid om å skape møteplassar som stimulerer barn og unge til å utvikle deira interesser, utforske lokal kultur, skaparlyst og mestring.

Biblioteket fekk i 2020 midlar til språkstimulering frå BUFDIR og dette prosjektet står godt i stil med både Fritidsklubben og UKM sine ynskjer om auka kulturaktivitetar for barn og unge.

Gjennom året 2021 skal vi arrangere aktivitetstilbod og workshops for barn og unge (10-20 år). Aktivitetane skal stimulerer til utvikling av ung kultur og vi håpar mange av deltakarane vil nytte UKM-mønstringa i 2022 til å vise fram det dei har jobba med gjennom året.  

For å sikre at vi kan gjennomføre uavhengig av korleis situasjonen med Covid-19 utviklar seg, så legg vi opp til små grupper innan kohortane. Vi kjem til å bruke mest mogleg ressurspersonar innan kommunen for å unngå avlysingar.

Informasjon om aktivitetstilboda vert lagt ut på kommunen si heimeside og kohortane får informasjon om dei aktuelle workshopane.

Band-verkstad

  • For elevar i 8. og 9. klasse på Åheim skule
  • Stad: Åheim ungdomshus
  • Oppstart: 22. februar

Språkleik

  • For elevar i 7. klasse
  • Stad: Vanylven folkebibliotek, Syvde
  • Tilbodet blir gitt gjennom skulane

Tekst og musikk

  • Informasjon kjem.

Foto og tekst

  • Informasjon kjem.

Sirkus

  • Informasjon kjem

 

Har du som privatperson eller lag/organisasjon aktivitetstilbod eller workshops du ynskjer å tilby barn og unge i aldersgruppa kan du ta kontakt med ungdomskontakt Annette Gjeterud. Vi tek også imot ynskjer om andre workshops eller aktivitetar. Ynskjer frå barn og ungdom blir prioritert høgt.

 

Vi ser fram til eit spennande kulturår for barn og unge i Vanylven kommune.

UKM Vanylven, Vanylven folkebibliotek og  Vanylven Fritidsklubb

Kontakt

Veslemøy Ervik
Kulturrådgjevar
E-post
Mobil 91 53 02 49
Annette Håkonsdatter Gjeterud
miljøterapeut
E-post