Utflytta Vanylving tilsett som ny kommunalsjef

Utflytta Vanylving tilsett som ny kommunalsjef

foto: Ronny Prozenko

 

Ronny Prozenko er tilsett som kommunalsjef for teknisk sektor. Som kommunalsjef vil han vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og vil ha det overordna ansvaret i sektor for tekniske tenester. Han tek til i stillinga i august månad. Administrasjonen gler seg over å få han med på laget i arbeidet med å sikre gode tenester for innbyggjarane våre.

Ronny har utdanninga si frå Høgskolen i Gjøvik og teknisk fagskule i Ålesund. Han har femten års fartstid som avdelingsingeniør i Sande, og kjenner såleis det kommunale tenesteapparatet godt. Ronny bur i Gursken, er gift og har tre born. Han er opphaveleg frå Vanylven, og seier han gler seg til å bli kjent med Vanylven «på nytt» etter å ha budd vekke i mange år. Vanylven er ein utviklingsorientert kommune, og Ronny tykkjer det blir spennande å ta fatt på jobben som kommunalsjef.

Vi ønskjer Ronny velkomen til oss!