Vanylven Legesenter har innført timebestilling via HelsaMi

Vanylven Legesenter har innført timebestilling via HelsaMi

Dette er for pasientar som har fastlege ved Vanylven Legesenter. I oppstarten blir det lagt ut eit begrensa antall timer som kan bestillast elektronisk.

helseplattformen.no

Om interessen er stor kan vi seinare legge ut fleire slike timar. Timebestilling via HelsaMi er tiltenkt planlagte legetimar og ikkje øyeblikkelig hjelp timar. Dersom det er akutt må pasientane ta kontakt på telefon som før. Timebestilling via telefon til legekontoret er som tidligare, dette er kun meint som eit ekstra tilbud til pasientar som ynskjer å bestille legetime elektronisk.

 

Vanylven legesenter er ope kl 08:00 - 16:00 på telefon 700 30 100.

(I perioden 15. mai til 15. september er opningstidene 08:00 - 15:00)

Meir informasjon om legesenteret finn du her.