Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir markert kvart år 10. oktober for å skape merksemd om psykisk helse.

Verdensdagen.no.

Tema i år: vi treng å høyre til #lagplass

Kvar femte person i Norge har få eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg, og det er fleire som er einsame no enn før pandemien. For sårbare og marginaliserte grupper, er utanforskapet endå større.

Forsking viser at det å gjere noko meiningsfullt saman med andre er viktig for å motverke einsemd, utanforskap og psykiske belastningar spesielt i urolege tider.

 

Ønskjer du meir informasjon om Verdsdagen for psykisk helse , kan du sjå verdensdagen.no.