Vi gratulerer Heidi Endal som er kåra til kulturprisvinnar 2023

Vi gratulerer Heidi Endal som er kåra til kulturprisvinnar 2023

Denne  veka har Livsløputvalet i Vanylven vedteke at  kulturprisen for 2023 skal tildelast Heidi Endal. Vi gratulerer så mykje til Heidi! 

Bilde lånt frå Synste Møre

Annonsa er lånt frå Synste Møre med løyve

Smålåten, men synleg kulturprisvinnar

– Eg trur dei må ha teke feil person i livsløpsutvalet, eller så skjønar eg ikkje kva dei har tenkt.

Det er året sin vinnar av kulturprisen, Heidi Endal, sin første reaksjon då vi slår på tråden. Litt motvillig er ho også når vi skal avtale ein prat med vinnaren.

– Du veit, eg er ikkje glad i å verte framheva. Eg meiner at alle som gjer ein jobb er like viktige, om det er dei som bakar kake eller vaskar og ryddar etterpå. Å krune den som har finaste kleda, er ikkje det noko som heiter? Eg er ikkje der, seier ho.

Korps og ungdomslag

Heidi får prisen i første rekkje for arbeidet sitt med barn og unge. Sjølv har ho ei fortid før dette først og fremst som korpsentusiast, men var i sin ungdom også aktiv i ungdomslaget sine framsyningar.

– Eg hugsar at eg spelte hovudrolla som Go’ vakker Maren i 1985. Då var eg avbilda på framsida her i avisa med bleie på hovudet. Det var ikkje akkurat så kjekt å vise seg ute mellom dei andre ungdomane rett etterpå, ler ho.

I korpset på Åheim var ho aktiv frå 1980 og til rundt 2010. På 90-talet var ho også med i korps på Bryggja, og etter at ho slutta på Åheim var ho eit par år rundt 2015-16 aktiv på Stadlandet som dirigent og musikant.

Draum om barnekor

Men i 2009 starta ho opp med barnekor på Åheim.

– Det var ein gammal draum eg sette ut i livet. Vår første opptreden hadde vi i 2009 på 17. mai, fortel Heidi.

Etter dette vaks det på seg på Åheim, med i alle fall over tjue jenter i koret.

– Det var ein fantastisk gjeng frå 2010 og utover. Det er dei som er årsaka til at eg får denne prisen og han skulle vore delt med dei. Då eg gifta meg i 2011 hadde eg 25 brudepiker og brudesvennar som song til oss i kyrkja, og på femtiårsdagen kom dei då store jentene overraskande på besøk og song. Er det anna å vente eg vart rørt?

I løpet av desse åra har det vorte mange 17. mai’ar, UKM, opptreden på Vanylvsråkk, julespel, julekonsertar og andre opptredenar og konsertar her og der.

– Eg trur likevel at noko av grunnen til at eg får prisen er fordi eg spammar nettet med det eg driv med. Folk trur sikkert at eg driv med frivillig arbeid 24/7. Men dette har si årsak i at eg vil vise fram det vi gjer, for då er det sikkert fleire som tenkjer at her kan dei verte med eller at deira born kan verte med. Og så er eg no kry av ungdomane mine då. Nokre synst kanskje det vert for mykje mine eigne og at det er for å vise fram dei at eg gjer det, men dei som synst eg trekkjer mine eigne fram først og fremst kan ta på seg andre briller, seier Heidi.

Ungdomsklubb og kor

For tida har ho bandverkstad på Åheim tysdagar, ho har teke opp att korpsverksemda og er med både på Åheim og på Fiskå. Onsdag er det songøving med koret på Fiskå, der det no er 21 medlemar, og etterpå songøving med fem yngre på Åheim. I partalsveker er det så ungdomsklubb onsdag kveld.

– Eg vil få understreke at eg gjer dette i privat regi, og ikkje gjennom ungdomslaget. Vi får rett nok leige gratis hus, men alle midlar kjem utanfrå, i tillegg til dei tusenar eg sikkert har brukt av eiga kasse gjennom åra. Her vil eg spesielt trekkje fram ei eldre dame i det som heiter Norges Frifond, som våga å gå utanom byråkratiet og hjelpte oss med midlar til utstyr og anna i fleire år, men som no har gått av med pensjon.

Øvde på kontrollrommet

– Men kommunal støtte ser du ikkje mykje til?

– Eg fekk no blomar ein gong, men elles har det ikkje vore mykje å sett til dei, seier Heidi.

– Og til prisen høyrer det fem tusen frå banken. Dei går vel attende til borna. Skal vi foreslå at summen bør doblast?

– Banken har vore flinke å stille opp, både når det gjeld borna, der vi mellom anna fekk midlar til lydanlegg for nokre år sidan, og i andre samanhengar, så all ros til dei.

– Eg hugsar også den tida du jobba i Sibelco og kom innom kontrollrommet, så flaut det av noteark og anna?

– Ja, eg skjønar eigentleg ikkje korleis eg fekk det til. Der øvde eg til dirigeringa på Stadlandet, fann fram songar til kormateriale, arrangerte og la til rette, samtidig som eg gjekk to-skift. Eg må vel rett ein takk til Martin Solheim, og så til Anders Bakkebø i brotet, som var fleksibel, slik at eg kunne få til desse aktivitetane mine, sjølv om eg hadde ettermiddagsskift.

Set opp julespel

For tida går det også mykje i julespel for prisvinnaren, då julespelet Snikkar Andersen og julenissen skal setjast opp nok ein gong, i år på Fiskå.

– Det var der scena var stor nok og der det er flest ungar i koret, I år vert vi 25 born og fem vaksne som spelar i spelet, pluss dei fem i bandet NoName og alle som hjelper til med lyd og det tekniske. Det vert spennande og eg gler meg, seier ho.

– Og så må eg få legge til at når det gjeld prisen, så hadde eg aldri rekna med noko sånt, og når eldre damer på Åheim kom bort til meg og sa at dei hadde nominert, meg, sa eg då har eg allereie fått pris. For når eg har gleda dokke slik at de synst eg fortener pris, er det alt pris nok for meg.

 

Synste Møre v/Ole Magne Kvalsvik som har interjuva prisvinnaren.